L/LVoss Fellesbakeri og Konditori vart etablert i 1970 av åtte bakeri og
konditori frå Voss og Granvin. Me held til på Palmafossen, ca. 2 km aust frå
Voss sentrum. Selskapet skifta i 2006 navn til Voss Bakeri AS.
Bakeriet har moderne drift og stor produksjonskapasitet, med 14 tilsette.
Bedrifta er ei Meisterbedrift med dyktige fagfolk over heile linja. Me har
levering opp til fleire gonger for dagen til Voss sentrum, Gudvangen,
Ulvik, Granvin, Kinsarvik, Hovland og til Bergen.
Me er opptekne av å halde ved like gamle tradisjonar og nyttar "gamlemåten"
å baka brød på. Det vil seie med natthev og lang liggjetid, noko som gjer at
brødet får tid til å utvikla alle smakar. Konditoravdelinga lagar delikate
kaker til alle slags formål; bryllaup, konfirmasjon, fødselsdagar eller til
eit lag med gode vener.
Våre råstoff vert levert frå store etablerte firma som Norgesmøllene, Tine,
Pals og Idun. Dei stiller alle strenge krav til kvalitet, noko som gjer at
sluttproduktet vårt vert av ypperste slag. Me er også medlem av Din Baker,
som er ei landsdekkande innkjøpskjede.